Bakgrunn

Startside

Opp Struktur Forankring Kjelder Lenker

 

Desse sidene er laga av Solveig Elisabeth Voster. Eg er oppvaksen i Nordre Strand, og har sterk tilknytning til området. Huset over er barndomsheimen min.

Eg er rektor ved Nordre Strand skule. Det er viktig for meg å knyte band mellom skulen og nærmiljøet, og gjere elevane bevisste på og stolte av sin eigen bakgrunn. Eg  har budd mesteparten av mitt vaksne liv i ein annan del av landet, noko som har gjort meg medviten om kor viktig dette er.

 

Det ambisiøse målet med desse sidene er å utvikle eit læremiddel - eit supplement i undervisninga som kan  brukast til å fremja kjennskap og forankring til lokal kultur , samt å medverke til ei bevisstgjering om lokal identitet.

For meg er utfordringa: Korleis skape band til vår lokale forankring gjennom eit moderne medium som Internett er?  Samfunnet vårt har endra seg nesten til det ugjenkjennelege på få år. 

Me som  er "godt vaksne" voks opp med Stavanger Aftenblad og NRK  som kjelder til ytre påverknad. I dag er det eit utal av kanalar og medier som kappast om merksemda. Dette mangfaldet gir oss all verdens høve til innsyn i alle verdsdeler og kulturar, men samstundes skaper det eit behov for lokal forankring. Klarer eg å lage sidene slik at dei kan vere med og gi elevane mine ei lokal forankring, då har eg nådd målet mitt. 

Utgangspunktet for nettstaden er Nordre Strand - bygder i utvikling. Utgangspunktet er vidt, og det kan byggjast ut med utallige aspekt av kulturen i vårt lokalsamfunn, emnet er uuttømeleg, og vil alltid kunna vidareutviklast.  

Talemålet er ein  identitetsskapande faktor i lokalsamfunnet. Det er stor skilnad på talemåten til dagens ungdom og det talemålet våre besteforeldre snakka. Dette er ei naturleg utvikling, men det er viktig at me kjenner til dei orda som  er gått ut av dagleg tale. Eg har fått bruke samlinga til Peter Barkve (Samlinger av ordtak og dialektord fra Strand). Ein kan nok ikkje seie at desse er eksklusive for Nordre Strand, dei er nok meir knytta til Ryfylke, mange vil ein kunne kjenne igjen frå andre landsdeler, i ein annan språkdrakt. Men dei er likefullt eit bindeledd til våre forfedre og kulturarven vår. 

Ein annan del av kulturarven i lokalsamfunnet er Stadnamn . Mange av dei er framleis levande, mens andre er meir eller mindre gløymde. Likevel - det er viktig at dei unge har tilgang til kunnskap om desse namna, og kvifor det heiter akkurat slik. 

Nokre av sidene  er "ferdige", mens andre er nesten tomme for stoff. Eg ynskjer at elevane skal vere med og forme dei, eit av måla med sidene er nettopp å vekke interesse for å forske vidare innan dei tema som blir tatt opp. 

Det tredje området har eg kalla Tradisjon. Her er det rom for mykje, eg har tatt med litt av kvart -  bustad, klede, folkeminne og ei side eg kallar helg og høgtid, som motvekt til det kvardagslege. Desse sidene må vere mest som ein smakebit, det finst så mykje meir, men kan hende kan det gi nokon inspirasjon til å gå vidare på dette.

Kulturliv har eg laga plass til på et fjerde område. Det finst mykje stoff om lag og organisasjonar, kristenliv, skuleutvikling mm, både hos Peter Barkve, Jan Alsvik og Asgjerd Taksdal. Det meste av dette let eg ligge, med det for auge å ta elevane aktivt med i arbeidet med å fylle nettsidene.

Målgruppa er fyrst og fremst elevar på NordreStrand skule. Eg ynskjer at sidene skal vere eit supplement i undervisninga, for å styrke identiteten og banda til nærmiljøet. Mykje av stoffet er relatert til Ryfylkeregionen, tradisjonar, talemål og levemåte var mykje lik for regionen, og det blir såleis eit mål å knyte banda til Ryfylke like mykje som til Nordre Strand. For oss som har heimstaden vår her vil det likevel vere ei av bygdene i dei gamle skulekrinsane Vatland,  Voster, Fiskå eller Sørskår som er heime. 

Tilbake til toppen

Opp Neste

    Ta kontakt!