Nordre
Strand er samlenamnet for bygdelaga i nordre delen av Strand kommune.
Strand ligg i Ryfylke, ei 40 minuttars ferjereise frå
Stavanger.
Nordre Strand er fellesnamnet
på bygdene i nordre delen av kommunen. Det bur omlag .. i dette området,
der jordbruk og fiske tradisjonelt har hovudnæringsvegar. Mange har i tillegg
hatt arbeid på
Jørpeland, i forrige århundre var Stålverket hjørnesteinsbedrifta i
Strand.
I dag har dette endra seg,
primærnæringane spelar ei mindre rolle, og dei fleste har arbeid i andre
næringar. Mange pendlar tilJørpeland, Tau eller Stavanger, men det
er også arbeidsplasser
for ein del i Nordre Strand.
Nordre Strand skule har omlag 100
elevar. Han ligg på Fiskå, som ligg midt mellom dei andre bygdene i Nordre
Strand. Dei fleste elevane kjem til skulen med buss.
Naturen rundt oss byr på det meste. Mange
av bygdene ligg mot Årdalsfjorden, med holmar og vikar og høve til fiske
og fritidssysler. I aust har me heiar og fjell, med mange turmål og
vakker utsikt over store deler av Boknafjorden. Du kan lese meir om
Ryfylkenaturen her.
I Nordre Strand er sjøen sentral for mange
av bygdene, mens vatnet er nærare for andre grender. Det er ikkje
langt mellom dei ulike bygdene, men det er likevel avgrensa bygdelag, som
frå gamalt har fungert som sjølvstendige samfunn, sjølv om det har vore
nær kontakt mellom dei.
Landskapet er prega av fjord og fjell, og
klimaet er typisk for Sør-Vestlandet - mildt og fuktig.